Høgtidssam friluftsgudsteneste

Av: Administrator
17/07-2010

- Me møtest i den frie luft med rømd på alle sider. På denne gamle kyrkjetuft i sus frå farne tider.
Bjarne Rabben sin vakre inngangssalme har vorte fast opningssalme på den tradisjonelle, økumeniske friluftsgudstenesta i samband med Herøyspelet «Kongens Ring». Mannen bak det melodiøse er også herøyværing; avlidne Svein Arne Møller. I år fall gudstenesta på Bjarne Rabben sin dødsdag. Den 4. juli 2003 slokna åndshovdingen. (Tekst/Bilde: Per Moltu/Fred Frantzen, Vestlandsnytt)


Hovedpastor Erhard Hermansen talte på Herøy Gard.

Det er eit vakkert skue å sjå den tverrkyrkjelege prosesjonen kome marsjerande inn på den gamle kyrkjestaden mot eit blomsterpryda alter. Kyrkjelyden, som har benka seg i klappstolar, er omgitt av eit sjeldent vakkert panorama. «Med himmel over», for å sitere tittelen på ei av Rabben sine diktsamlingar. Omgivnadene med himmel og hav, holmar og skjær, fjell og fjord som kulissar, gjer naturopplevinga optimal. Ein får ei kjensle av å kome skaparverket nærmare i Guds frie natur, og song og tale lyder meir kraftfullt.


Den økumeniske gudstenesta vart leia av sokneprest Knut Magne Dalsbø.

Gudstenesta på historisk grunn er ein fin tradisjon. Det gjev ein god start på søndagen når klokkene ringjer, og det er klart for gudsord og salmesong i det fri. Gudstenesta vart leia av sokneprest Knut Magne Dalsbø. Han syntest det var positivt at Den Norske Kyrkja, Frikyrkja og Sion kunne arbeide i lag om ei slik felles gudsteneste der dei står saman om han som sigra over døden.


Preika i år var ved pastor Erhard Hermansen. Han er også med og syng i Herøyspelkoret, for tredje året på rad. Hermansen syntest det var flott at dei ulike meinigheitene kunne samlast på denne måten. Han opplyste at snart går maskinane laus på frikyrkja, der det skal byggast nytt.
- Men kva er vel eit bygg utan menneske? spurde han, og la til:
- Eit kyrkjebygg er av stein og tre. Men menneska er levande steinar. Sjølv karakteriserte han seg som ein vanleg stein i byggverket. Det er flest av oss, la han til.

Sølvi Husøy las opningbøna. Det var tekstlesing ved Gunnar Sævik, og forbøn ved Arve Myklebust, Heather Kleppestrand og Martin Endresen.


Fv. Martin Endresen, Heather Kleppestrand, Sølvi Husøy, Anne Lise Frøystadvåg, Arve Myklebust, pastor Erhard Hermansen og sokneprest Knut Magne Dalsbø.

Herøy kyrkjekor klang godt som forsongarar til salmesongen under gudstenesta. Det har vorte tradisjon at ein del av Herøyspelkoret, under leiing av Bjørn Holum, avsluttar med songperla «Herøy Havland». Eit vakkert punktum på ei høgtidsam gudesteneste i Guds frie natur.