Barnegospeltreff vart suksess!

Av: Administrator
29/06-2010

Laurdag før klokka var blitt 14.00 var det stor aktivitet i Herøy Kyrkje. Rundt 90 songglade guter og jenter vart registrert, fekk T-skjorter og gjorde seg klar til det fleire hadde venta på i lang tid, barnegospeltreff saman med Seven jentene.


Seven jentene saman med instruktørane Melinda Løver og Elisabeth Fjalset under konserten.

Instruktør for Seven jentene Melinda Løver hadde førebudd seg godt. I tillegg til å øve inn songar med barna vart det tid for leik og moro. "Har eg..." spurde Seven jentene dei andre barna etter tur, og så var det berre å gjette. På den måten vart også barna betre kjende med Seven jentene, som for mange er store idol.

Sunnmørsposten skreiv om "Idolmøte med gospeljenter" og fortel om jentene Sigrid Elise Muren Olsson (6) og Hedda Øvereng (6) frå Volda. Sigrid har fleire dvdar og cdar og begge gledde seg til å synge samen med Seven jentene.

Les "Idolmøte med gospeljenter"


Under barnegospeltreffet vart det også tid for leik og moro. Her har Melinda Løver fått med seg barnegospelkoret, Seven jentene og foreldre på "I'm singing in the rain".

Vestlandsnytt skreiv følgjande;

Heile 90 barn meldte seg på barnegospeltreffet på laurdag. Saman med Seven- jentene leverte nærare 100 barn ei flott framsyning i Herøy kyrkje.

Endå fl eire barn enn i fjor melde seg på barnegospeltreffet, som samla jenter, og nokre få gutar, frå heile Ytre Søre. Nærare 200 publikumarar møtte fram for å få med seg konserten, som innfridde alle forventningar.
- Det var bra trøkk og imponerande kvalitet, kommenterte pastor Erhard Hermansen. Dei lokale deltakarane framførte fire songar saman med Seven-jentene: «Tid til meg», «Vi vil feire», «Sprellemann» og ein gospelmedley.

Terningkast 7
Seven-jentene fekk terningkast «seven» av Vårt Land for plata «Livet er herlig». I år kom dei med ei ny plate som dei kallar «La oss feire». Dette er ein hyllest til livet med Gud og livet med kvarandre. Frå scena gav dei dyktige jentene publikum ein smakebit mellom anna frå denne. Kvar song vart introdusert med nokre ord frå Seven-jentene. Ingrid Martine Belgau fortalde mellom anna om ei dame som hadde skrive til dei og bede dei om å skrive ein song om det å miste nokon. Dermed lagde Seven-jentene balladen «Noen gråter».
- Det viser at dei har ein fin kommunikasjon med tilhøyrarane sine, seier Hermansen, som fekk mykje skryt for arrangementet både laurdag og søndag.


Victoria Slettebø frå Seven saman med barnegospelkoret.

Langvegsfrå
Mange kom langvegsfrå for å høyre Seven-jentene. Ein familie hadde kome heilt frå Skodje for å få med seg konsertane. Mor i familien fortalde om barna som var klare til å dra uansett vêr.
- Vi har jo regntøy, argumenterte dei ivrige. Pastor Erhard Hermansen ønskjer å satse på barnegospeltreffet også i framtida, og meiner arrangementet er kome for å bli

Les "I sjuande himmel med Seven": Vestlandsnytt-I_sjuande_himmel_med_Seven-20100622.pdf