Glad lovsong i junisol

Av: Administrator
29/06-2010

Også i år spelte Den norske Kyrkja, Frikyrkja og Sion på lag om ei storfamiliegudsteneste på Allmenningskaia med felles mål å spreie evangeliet. Etter dagar med regn, vind og skikkeleg survêr smilte vêrgudane til kyrkjefolket. (Tekst/Foto: Per Moltu/Fred Frantzen, Vestlandsnytt)


At alle har stor verdi for Gud,illustrerte pastor Erhard Hermansen og kateket Beate Nesmed Bibel-teksten der ein av 100 sauer vert borte.

Dagen rann med strålande solskin frå ein blå junihimmel. Det var som om høgare makter kasta glans over gudstenesta i det idylliske havgapet. Og sola gjer sitt med folk; berre blide og smilande ansikt å sjå. Glad lovsong tona ut frå kaiområdet med unge songarar. Glade barnerøyster frå barnegospelkoret og Seven-jentene lydde mektig den vakre sommardagen. Sevenjentene som består av unge songarar frå fleire stadar i landet var her også i fjor, og gledde seg verkeleg til å kome tilbake for å bidra med sin glade lovsong.


Seven jentene som er aktuelle med plata "Vi vil feire" deltok på storfamiliegudstenesta.

Det var godt frammøte då Siv Anne Sævik ønskte velkomen til denne spesielle gudstenesta, som inneheldt kreative innslag som dans og drama, og mykje song. Det skal vere høgt under taket på ei familiegudsteneste i Guds frie natur.


Dramagruppe frå Sion med framføring under gudstenesta.

I samspel med kvarandre heldt Erhard Hermansen frå Frikyrkja og kateket i Den norske kyrkja, Beate Nes preika for dagen.

Preika
Denne søndagen handla om kor verdfulle alle er over for Gud, og kva omsorg Gud har for menneska. Og kor viktig det er å høyre til i eit fellesskap. For å illustrere dette, vart bibelteksten der ein av 100 sauer vart borte lesen, og med det vise at kvart menneske er viktig og har ein stor verdi. Ei slik gudsteneste har også ein sosial profil. På Almenningen vart det god tid til å slå av ein prat over kyrkjekaffi koppen. Det var godt frammøte, og folk kosa seg på junisøndagen.

Du kan laste ned og lese orginal artikkelen her: Vestlandsnytt-Glad_lovsong_i_junisol-20100622.pdf


Storfamiliegudstenesta på Allmenningskaia samla mykje folk.