Sommarkonsert i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
12/06-2010

Fredag 4. juni baud Herøy Frikyrkje inn til sommarkonsert med aktørar frå kyrkjelyden.
Siv Anne Sævik og Vegard Voldsund hadde tatt initiativet til sommarkonserten og dei hadde nytta dagane forut for konserten godt. Her hadde ung og vaksen, musikarar, songarar og dansarar øva til det som vart ein flott fredagskveld i Frikyrkja.


Bandet beståande av Haral Myren (piano), Even Sævik (trommer), Vegard Voldsund (bass) og Sigval Myren (gitar).

Det nærmar seg byggestart i Frikyrkja og sommarkonserten vert med det eit av dei siste arrangementa i den noverande kyrkjesalen. Ekstra stor glede var det difor når så mange av kyrkjelyden sine songkrefter gjekk saman om denne sommarkonserten.

Det heile vart innleia med eit band beståande av Even Sævik (trommer), Sigval Myren (gitar) og Haral Myren (piano). Godt hjelpne av Vegard Voldsund på bass lot dei tonane straume utover i kyrkjerommet.

Etter at Viljar Myren hadde lese dikt fekk me høyra ei rekkje gode songarar. Det var duett med søstrene Edel Maria og Kristina Goksøyr, solosong av Katrina Sofie H. Leine, ei songgruppe beståande av Una Myren, Hanna Nærø og Lilly Voldsund, solosong av Amanda H. Leine og duett av Tomine Sævik og Kristina Sundnes. Gjennom dei ulike songinnslaga vart mykje songglede formidla. Den kristne trua stod i sentrum for formidlinga.


Helene Kvalsund, Jenny Kvalsund og Kanutte Kopperstad dansa ein glad sommardans.

For anledninga hadde ei vaksen gruppe beståande av Aase Nerem Bø, Bjarne Sævik, Ruth Espeseth, Kari og Johnny Storøy øvd inn nokre songar. Med klare røyster formidla dei kjende songar frå vår songskatt.

Konserten vart avslutta med ei spennande gospelgruppe og duett med Vegard og Synnøve Voldsund.

Fredagskvelden fortsette så med kaffi, kaker og sosialt fellesskap i Frikyrkjekjellaren. Vi håpar vi får høyre mykje god musikk og song også i den nye kyrkjesalen!


Viljar Myren las dikt.


Amanda Helsem Leine.


F.v. Kristina Sundnes og Tomine Sævik.


F.v. Johnny Storøy, Bjarne Sævik, Ruth Espeseth, Aase Nerem Bø og Kari Storøy.


F.v. Kristina og Edel Maria Goksøyr.


Gospelgruppe f.v. Torill Myren, Vegard Voldsund, Ragnar Ørstavik, Kristina Sundnes, Tomine Sævik, Synnøve Voldsund, Cecilie L. Ørstavik og David Paulsen.


F.v. Una Myren, Hanna Nærø og Lilly Pauline Voldsund song ”Om jeg er liten eller stor”.


Katrina Sofie Helsem Leine.