Konsert i Frikyrkja laurdag 1. mai.

Av: Administrator
30/04-2010

Herøy Frikyrkje feirer våren og tilbyr gratis konsert med The Soul Sound Buddies i Frikyrkja lørdag 1. mai. Desse tre karane vil gjere sitt beste for å skape god stemning og speler ein musikk som dei aller fleste kan like. Difor er det inga aldersgrense nedover eller oppover denne kvelden.


The Soul Sound Buddies

Det er vår, og sjølv om gradestokken tvilar, så er det mai likevel! Og me kan stemme i som ein bøn: Kom, mai, du skjønne, milde! Herøy Frikyrkje håpar og ber om ein flott vår og sommar. Samstundes er denne happeningen eit slags kick-off for komande satsing på ungdomstilbod i Herøy Frikyrkje.

Herøy Frikyrkje har lenge ønskt å få til eit tilbod for dei eldste tenåringane og unge vaksne. Målet er å få til eit permanent tilbod frå hausten av.

Så om du kjem på denne konserten er du også med på å vise støtta di og beviser at det trengst eit slik tilbod i Våja.

Det vil bli tatt opp ein kollekt og gjeve eit ord for kvelden. I kafeen i kjellaren vil det vere kiosk og høve for å få kjøpt noko mat - derimellom nokre tyrkiske smakebitar.