Vår-dugnad før konfirmasjonen!

Av: Administrator
15/04-2010

Det er ei sann glede å kunne invitere folk til dugnad i/ved Herøy frikyrkje laurdag 17. april frå kl. 10.00 og utover! Vafler, kaffe og brennsnut står på menyen; mat er dessutan det første vi treng dugnadshjelp til.


Diakonrådet har sett opp ei liste med gjeremål, og nokre av dei kjem til å bli utført også på dagar både før helga og komande veke før konfirmasjonslaurdagen 24. april.

Geir med hjelparar har allereie starta oppussing av kjellarstova i kyrkja, og Olav Ståle startar å plate veggane der torsdag! Og dermed er det høve til å henge seg på med diverse oppgåver. Listing og avslutning av prosjektet i kjellaren treng nokre hender. Vaskelista har folk på torsdag 22. april. Det blir vårblomster ute og inne, og det blir kosta og vaska m.m. Elles har vi litt som skal skruast og hengast opp, og det blir ein del ryddeprosjekt innandørs, noko kan delegerast. Dette betyr at ein kan få seg oppgåver ved å kontakte diakonrådsleiar Kopperstad :o)

Så treng vi ganske mange hender til å skrape/stålbørste og male glaskarmane utvendig. Dette blir liksom storjobben. Vi veit at det kan virke noko fånyttes alt etter kva tid ein startar arbeid med nybygging, men vi har avklart med byggekomiteen at det går an å flikke på vindauga, og diakonrådet er ganske klare på at det ikkje er fint nok slik dei no har framstått for lenge. Vi ordnar med utstyr og maling, og så treng vi mykje folk både på gateplan og taknivå; skraping og maskering ein kveld og maling neste fineversdag...

Petter Ole: 913 28 908 heng opp ei A3-liste med oppgåveoversikt før helga.