Om Geir M. Lande

Geir M. Lande er ungdomspastor i Herøy Frikyrkje.

Generøs gåve frå Sparebanken Møre

Av: Geir M. Lande
21/03-2010

På gudstenesta søndag fekk dei monge frammøtte høyre fire songar av dei tre studentane og ei engasjerande tale om å la kyrkjelyden og kristenlivet i kvardagen vere prega av varme og omtanke slik at monge kan få oppleve omsorg og fellesskap.


Godt samarbeid for barn og unges beste, Stian Elveseter frå Sparebanken Møre ovverakte ei flott gåve til Herøy Frikyrkje (f.v. hovedpastor Erhard Hermansen, Stian Elveseter, diakonrådsleiar Petter Ole Kopperstad, barne- og ungdomspastor Geir M. Lande og leiar i Herøy Gospelkor Cecilie L. Ørstavik. Foto: Fred Frantsen

Denne tala kunne Herøy Frikyrkje ta opp via ein heilt ny Mac, kjøpt inn for midlar kyrkja har fått av Sparebanken Møre til eit IKT-prosjekt.

Stian Elveseter frå Sparebanken Møre var framme og overrakte gåva til diakonleiar og prosjektleiar Petter Ole Kopperstad, barne- og ungdomspastor Geir M. Lande og medleiar i Herøy Gospelkor, Cecilie L. Ørstavik.
Forutan Mac'en har kyrkja kjøpt inn to lysriggar.

Petter Ole Kopperstad holdt ei lita takketale der han sa; "Prosjekt «IKT, lyd og lys» i Herøy frikyrkje handlar om utstyr som skal gjere det kjekt å arbeide i ein moderne kyrkjelyd og best mogleg å oppleve ord, bilete og tonar i kyrkja! Vi vart litt overraska då vi fekk melding om den flotte gåva, men enda meir glade! For oss er dette ei stor gåve som betyr mykje. Og prosjektet er knytt opp mot barne- og ungdomsarbeid på den måten at det kanskje er deira aktivitetar som har største behovet. Herøy gospelkor har nytte av lys og instrument på konsert og turne, og dei har behov for lydkort i arbeid med opptak og innspeling. På vegne av brukarar og mottakarar vil vi sende ei stor takk til gjevar!"

Ein kan også få talar på cd med god lyd gjennom det nye ustyret, så det er ikkje berre dei unge som vil nyte godt av dette. Allereie etter gudstenesta var det ein mann som ville ha eit opptak av Gossners tale.