Om Geir M. Lande

Geir M. Lande er ungdomspastor i Herøy Frikyrkje.

Vellukka besøk i Frikyrkja

Av: Geir M. Lande
21/03-2010

Frikyrkja hadde sist helg eit flott besøk frå Høgskulen i Staffeldsgate i Oslo. Rektor Jan Gossner hadde med seg tre studentar som song og spelte som eit ledd i å gjere skulen, som er eid av Normisjon og Frikyrkja kjend rundt omkring i landet.


Dei besøkande frå Høgskulen: rektor Jan Gossner, Sigrun Ebbesvik frå Sykkylven, Kristoffer Risholm frå Sarpsborg og Kristian Stundal frå Kaupanger. Foto: Erhard Hermansen

Skulen utdannar leiarar og musikarar innan kyrkjelyds- og organisasjonsarbeid. Dei tre studentane hadde meldt seg til praksis og var fulle av lovord over staden og folket. Gossner sa etter besøket at dei gjerne vil sende besøk til Herøy fleire gongar.

Kjekt samarbeid mellom Fredagstreffet og Ungdomsgruppa i Frikyrkja
Første post på programmet for studentane og rektor Gossner var deltaking på ungdomsmøte i Herøy Kyrkje. Leiarane i Fredagstreffet og i ungdomsgruppa i Frikyrkja var litt spente på kva ein kunne vente av oppmøte, men alle fekk ei gledeleg overrasking på det området. Monge eldre ungdommar tok turen og med ein litt forsinka møtestart ble dei flotte lokalene til Fredagstreffet fylt opp. Dei som kom fekk høyre nokre flotte songar av studentane og ei andakt om korleis Gud arbeider i historien gjennom enkeltmenneske. Den lokale brødre-duoen Stig Børre og Edin Høydal spelte eit rocka preludium og møtet ble avslutta med høve til å tenne lys for ein venn som trenger ei ekstra bøn om lys og varme.


Sigrun Ebbesvik og Kristoffer Risholm syng på ungdomsmøte i Herøy Kyrkje. Foto: Beate S. Nes

Det var monge som nytta den sjansen og møtet gav enda meir lyst til å samarbeide om gode tilbud til ungdomen i Herøy.