Spennande gjester frå Oslo i Frikyrkja

Av: Administrator
12/03-2010

I helga får Herøy Frikyrkje besøk frå Høgskulen i Staffeldsgate. Skulen ligg i Oslo og er eigd av Frikyrkja og Normisjon. Jan Gossner, som er rektor ved skulen, kjem saman med tre musikkstudentar.


Jan Gossner, rektor ved Høgskulen i Staffeldtsgate og kjend frå fleire TV program, er gjest i Herøy Frikyrkje denne helga. Han har med seg tre musikkstudentar frå Høgskulen i Staffeldtsgate.

Jan Gossner har tidlegare arbeidd som pastor i Kristiansand Frikyrkje. Han har vore rektor ved Diakonihøgskulen på Lovisenberg og arbeidd som prest i Den norske Kyrkje. Han er også ein av gründerane bak den norske Oase-røyrsla.

Jan Gossner er kjend frå fleire TV-program som NRK programma "Salmesus fra Sørlandet", og han har skrive fleire bøker, som til dømes "Den lille norske varmeboken".

Under Frikyrkja sitt storstevne i Stavern sist sommar tala Jan Gossner over emna "Tru, von og kjærleik". Jan Gossner er ein varm og jordnær forkynnar som har hjarte for diakoni og mellommenneskelege relasjonar.

Høgskulen i Staffeldtsgate er ein skule som mellom anna arbeider med verdibasert leiing. Dei tre musikkstudentane frå skulen er ute i menigheitspraksis og vil vere aktive i dei ulike samlingane.

Fredag deltek studentane på ungdomsmøte i Herøy Kyrkje i eit samarbeid mellom ungdomsgruppa i Frikyrkja og fredagstreffet i Den norske Kyrkje.



Laurdag føremiddag talar Jan Gossner over emnet "Slå på varmen" på bibeltime i Frikyrkja. Jan Gossner vil snakke meir om kvifor kjærleiken vert kald når vi treng meir varme. Søndag deltek gjestane på gudsteneste i Frikyrkja. Jan Gossner talar, studentane syng og spelar og pastor Erhard Hermansen deltek. Alle barn er velkomne til søndagsskule og etter gudstenesta er alle invitert til kyrkjekaffi.

- Vi får mange gode tilbakemeldinger frå folk som synes det er flott å besøke Herøy, seier pastor Erhard Hermansen som håper på nok eit godt besøk, og ynskjer velkomen til ei spennande helg i Frikyrkja.