Varmt møte med kalde Norge

Av: Administrator
04/02-2010

I løpet av ei knapp veke i Herøy har cubanske Alain Montano (36) lært nordmenn å kjenne som varme menneske i eit kaldt land. (Tekst og bilde: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Cubanske Alain Montano fekk sitt fyrste spennande møte med snø og kulden

- Det er så mange ting eg ynskjer å formidle. Fyrst og fremst vil eg takke for all hjelp og støtte til Cuba. Så vil eg få takke for den varme velkomsten eg har fått her i Herøy, seier Alain til Vestlandsnytt.

Tett program
Alain Montano er generalsekretær i Bibelkommisjonen på Cuba, motstykket til Bibelselskapet her heime. I år er øystaten mellom hovudfokusområda til Bibelselskapet, og det er bakgrunnen for besøket hans i Norge. I løpet av eit par veker skal han gjennom eit tett program. Etter ei knapp veke i Herøy går turen no nordover, og siste stopp er Fauske i Nordland.

Lever som cubanarar flest
Heime på Cuba lever 36-åringen som cubanarar flest, tett på både familien og naboane i Havana. Han greier seg bra, men er langt unna det ein kan kalle velståande. Sjølv etter cubansk målestokk. Det er likevel eit langt steg opp etter ein oppvekst i fattigdom.

Budde to år på ein benk
Som 17-åring flytta Alain frå landsbygda til Havana for å studere. Motivasjon mangla det ikkje på, men pengar var det verre med. Så i to år var ein benk i kyrkja heimen til Alain, og det var ikkje få netter han vakna av at han ramla på golvet, kan han fortelje.

Dyktig leiar og pedagog
Men pågangsmotet vart beløna. Alain fekk den utdanninga han søkte og kunne starte ein karriere som lærar.
Allereie som 19-åring vart han ordinert til pastor og som 25-åringen vart han tilsett som studentdirektør med ansvar for meir enn 300 studentar. Då Bibelkommisjonen skulle finne ein ny generalsekretær vart den dyktige leiaren og pedagogen nærast «headhunta» til jobben.


På Møre barne- og ungdomsskule fekk Alain Montano overrekt ein serie teikningar som skuleborna ynskte at han skulle ta med seg tilbake til Cuba. Her tek han og pastor Erhard Hermansen ein nærare kik på eit av kunstverka.

Store utfordringar
Bibelkommisjonen på Cuba har ein vanskeleg jobb. Etterspurnaden etter Biblar er enorm i den raskt ekspanderande kyrka, og Alain og medarbeidarane hans møter store utfordringar i forsøket på å møte pågangen. Spora av kommunismen gjer at det framleis er forbode å trykkje Biblar på Cuba. Men det er fullt muleg å importere dei frå utlandet, for den som greier å finansiere det. Og her kjem Det norske Bibelelskapet og det internasjonale nettverket av Bibelselskap inn.

Spesielt fokus på Cuba
- Cuba har alltid vore eit satsingsområde for oss. I år har vi valt å rette eit spesielt fokus på øya og bidra til distribusjonen av biblar der, seier bibelmisjonsleiar Bernt Olsen, som har følgt Alain Montano på norgesbesøket sitt så langt.
Med lang fartstid som misjonær i Equador gjer Olsen også jobben som tolk for den spansktalande gjesten.

50.000 biblar
Gjennom eit spesielt prosjekt er planen å få trykt opp og distribuert 50.000 nye biblar og 20.000 utgåver av Det nye testamentet til kristne på Cuba. Kjøparane betaler kun utgiftene til frakt, noko som gir ein prislapp på eit par kroner.
Det verkar kanskje veldig lite for oss, men ikkje i eit land der månadsløna ligg på omlag 100 norske kroner medan prisane er nær det vi er vande med.

Alain Montano er svært takksam overfor det norske initiativet.
- Det verkar å vere ein del av den norske mentaliteten å hjelpe andre. Det har eg sett med eigne auge, smiler han.
- Cubanarar er livsglade
Under norgesbesøket sitt så langt har cubanaren gjeve mykje tilbake. Den dyktige pedagogen har tala i mange ulike samanhengar og har engasjert gamle som unge med sitt smittande engasjement og gode humør.
- Cubanarar er livsglade folk. Vi har måtte lære oss å le sjølv når vi har det vanskeleg, og ta med oss gleden gjennom det tunge. Dette er eigenskapar vi har utvikla over lang tid, smiler han.

Eksotisk
Turen til Norge er tredje utanlandsopphaldet til Alain Montano, og utvilsamt det mest eksotiske.
- Eg har aldri vore så langt nord før. Nordpolen må vel vere neste stopp, ler han.

Spennande kulde og snø
Kulde og snø har vore ei heilt ny og spennande erfaring, fortel cubanaren.
- Eg har aldri sett eller kjent på snø før. Det har det vore veldig spesielt å få oppleve, seier han.
Reisefølgjet ymtar frampå om at Alain kanskje bør prøve seg på ski også når han fyrst er her.
- Fyrst må eg lære meg å gå på snø og is, seier han muntert.
Ein liten snøballkrig går han imidlertid ikkje av vegen for å gi seg i kast med. I dette tilfellet med frikyrkjepastor Erhard Hermansen og Bernt Olsen som motstandarar.

Møte med overfloda
Møtet med det rike Norge har vore fullt av inntrykk for Alain Montano, og kontrastane er store i høve det enkle livet på Cuba.
- Eg ser mellom anna på all maten det et her i Norge. Eg er ikkje så sikker på om det er nødvendig med alt det for å overleve, seier han.

Det er ord som burde leie til ettertanke, frå ein mann som sjeldan et frukost. Ikkje fordi han manglar apetitt om morgonen, men fordi han sjeldan har noko å ete til frukost, kan Bernt Olsen fortelje.

Kanskje har vi i rike Norge også eitt og anna å lære av Cubanarane, som trass lite pengar og nesten ingen materiell velstand, finn lukka i liva sine.
- Eg trur at om ein spør kva det gode liv er så vil ein få heilt ulike svar alt etter kvar ein spør. Eg er viss på at det gode liv i til dømes Amazonas-området er noko heilt anna enn det vi på Cuba og her i Norge vil svare, seier Alain
Det som har imponert 36-åringen mest under norgesbesøket er utdanningsnivået blant folk og ikkje minst gjestfridomen han har møtt over alt. Han har lært nordmenn å kjenne som varme folk på ein kald stad.