Frå Cuba til Herøy med bibelen som tema

Av: Administrator
27/01-2010

- spennande besøk i Herøy Frikyrkje i høve Bibeldagen på søndag.

Komande søndag er kalla Såmannssøndagen, men dagen blir også kalla Bibeldagen. Det har samanheng med at Det Norske Bibelselskapet gjennom mange år har gjort dagen til ei markering av det arbeidet dei driv med basis i eit breitt felleskyrkjeleg engasjement.


Bibelselskapet er den eldste felleskyrkjelege organisasjonen i Norge (danna i 1816) og dei fleste kyrkesamfunna i landet er representerte i Bibelselskapet sine styrande organ.

Sjølv om Bibelen gjennom i århundrer har vore den mest selde og lesne boka i verda, og blir rekna for å vere den viktigaste boka i vår kultur, så er ho framleis ei utilgjengeleg og fråverande bok for svært mange menneske.

Bibelselskapet arbeider derfor for å gi Bibelen vidare til menneske "på eit språk dei forstår og til ein pris dei kan betale".

I samband med Bibeldagen 2010 får Møre og Romsdal celebert besøk. Det er generalsekretæren for Bibelselskapet på Cuba, Alain Montano Hernández (36) som har blinka ut Herøy på reiseruta si i lag med bibelmisjonsleiar Bernt G. Olsen frå Det norske Bibelselskap.

I Herøy blir det gudsteneste i Frikyrkja. Her deltek både Den norske Kyrkje og pinsemenigheten Sion. Alain Montano Hernàndez og Bernt G. Olsen vil dele inntrykk og erfaringar frå det cubanske samfunnet, og gje eit spennande innblikk i det som er årets Bibeldagsprosjekt: Biblar til Cuba. (les meir på bibel.no/bibeldagen) Kyrkjene på Cuba har opplevd ei blomstringstid, men på grunn av den økonomiske situasjonen i landet er det vanskeleg å skaffe biblar.

I gudstenesta blir det tekstlesning på ulike språk, solosong, og etter gudstenesta blir det høve til å bli betre kjent med gjestane over ein kopp kaffi og noko å bite i.

Alle er hjarteleg velkomne!