Kvardagstru med Linda Austnes

Av: Administrator
08/12-2009

Takk for sist til alle som var samla til gudsteneste i Herøy frikirke 29.november -09. Det var kjekt å få treffe folket ute på søre luten! Pastor Erhard har utfordra meg til å skrive nokre ord med utgongspunkt i samtalen vi hadde under gudstenesta, men det må då bli rimeleg kjedeleg, sidan så mange alt har høyrt det? Vel, stikkorda i samtalen var vel noko slikt som bakgrunn, livsvalg, engasjement, verdier, appell. Kanskje vi skal ta ein annan innfallsport i denne epistelen, verdiane og grunnlaget for engasjement blir det same. (Av: Linda Austnes)


Som femborns-mor har eg vore ein del på fødehjemmet. Ein gong hendte det at ultralyden viste at barnet hadde vannhode, to jordmødre og to leger konstanterte veskeansamling i hodet. For å gjere ei lang historie kort: I mi hjelpeløyse opna eg Bibelen og peika tilfeldig på ei side, og der stod: «Fall til ro igjen mi sjel, for Herren har gjort vel imot deg» (Salme 116,7). Få timar seinare var det ingen som fann att veskeansamlinga, - og i dag studerer barnet i Bergen. Vidare i den salmen står det: «Kva skal eg gje Herren att for alle hans velgjerningar mot meg? Eg vil halda mine lovnader til Herren for augo på heile hans folk.»

Der er mange velgjerningar å takke for, og for meg synes det rettare å takke med handling enn berre ord.

På ei gudstejeneste i 2004 vart forsamlinga heime utfordra av presten til å skrive ned på kvar sin lapp kva gåver dei trudde dei hadde, og kva dei i såfall ville bruke gåvene til. I mitt stille sinn tenkte eg at det er det ingen som tør å gjere, vi er då lenka av Jantelova dei fleste av oss. Men sidan desse lappane var anonyme og presten begynte så frimodig å dele ut lapper og penner, så kasta eg meg utpå og skreiv i skjul: «Eg trur at eg kanskje har gåve til å skrive og i såfall vil eg tjene Herren med det.» Så vart lappane samla inn og bedt over. I dag, fem år seinare, har eg fått gi ut tre bøker og skriv fast i to aviser. Sjølvgod, tenker du? Nei, Gud er god! Det handler om å tru, og å leve det ein trur. Alle som er frelste, er kalla til tjeneste. Her er min opplevelse av kall:

Det hadde vore enklast å seie nei, men det er det vanskelegaste. Hadde eg sagt nei, hadde eg kome unna presset, arbeidet, forventningane, ikkje minst mine eigne. Men då hadde eg og gått glipp av spenninga, utfordringa, gleda, velsigninga,
og verst av alt; eg hadde svike kallet.

Det er ikkje mykje i min bakgrunn som skulle gi meg frimodigheit. Alkohol og skilsmisse kan vere nøkkelord for oppveksten, med påfølgende sorg, sakn og skam. Samtidig fekk eg, paradoksalt nok, med meg ei plattform av verdiar heimanfrå som gjekk på det å sette andre foran seg sjølv og at framfor alt skal vi vere ærlege. Då mor mi vart frelst i vekkelse i 1980, og eine søstera mi gav livet sitt til Jesus same kvelden utan at dei visste om kvarandre, ja, då tenkte eg at skal mor mi til himmelen, så vil eg også dit. Sidan har fleire av søskena lagt kursen mot himmelen. Vi har vel funne ut at det er sant som det står i Matt.6,33: «Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.» Slik som det enkle faktum at då eg vart kristen, var eg på lærlingkontrakt på hotell Continental i Oslo, men valgte å avslutte den utdannelsen på grunn av min nye livskurs. Så gifte eg meg tidleg, valgte å vere heime med borna til minstemann tok til i skulen. Då starta eg eit tilbod på garden for elevar som av forskjellige grunnar ikkje passar så godt på skulebenken, eit svært givande arbeid. Så arbeid har eg alltid hatt, men sidan eg då i godt voksen ikkje hadde papir på noko som helst, og det skal ein no helst ha i våre dagar, så sende eg altså inn nokre dikt og småstykker til Lunde forlag, for å få litt tilbakemeldingar. Det vart det bok av. Summa sumarum blir vel det Matteus 6,33?

Så kom 18. november 2005. Kunnskapsminister Øystein Djupedal kom med det store varsku: Bordbøn er til anstøt. Då vart eg skremt, for eg tenkte som så: Viss det å be Gud velsigne maten er til anstøt, kva då med å be om velsignelse for landet, som vi syng så fint kvar 17.mai? Og kva med korset i flagget vårt? Ifylgje Bibelen er korset det største anstøt verda har. Var kunnskapsministeren reellt redd for at born i skulen skulle ta anstøt av borverset eller representerte han eit parti som hadde fått ein unik sjangse til avkristning gjennom sitt regjerings-samarbeid? Tidlegare generalsekretær i Human Etisk Forbund, Lars Gule, skreiv med reine ord at HEF hadde ein klar agenda for avkristning av landet, og at dei i denne stortingsperioden hadde historisk mange av sine medlemmar med i regjeringen.


Derfor hengte eg opp plakaten på nærbutikken: «Nok er nok! Ver med å stopp av avkristningen av landet vårt!» Og folk skreiv seg på over heile landet. Av dei mange hundre telefonsamtalane eg hadde i ein hektisk aksjons-månad, vil eg sitere ein: «Ej ringe frå bilferja Brandal. Oss e'kje spesiellt religiøse her ombord, men oss e' rasande på nå Djupedal. Send mej ei slike underskriftsliste, så skal ej spre den til heile flåten!» Og slik reagerte mange. 35 000 underskrifter på ein månad, og etter at eg hadde levert frå meg listene til Stortinget og trudde at det heile var over, kom det meir enn tredve tusen til! Og kva gjorde statsministeren? Jau, han kalte det for misforståelser og unødig bråk. Og deira vidare arbeid i regjeringsposisjon har sidan vist at det er avkristning dei ynskjer.

Kva kan vi så gjere for å stoppe det? Nokon har sagt at kvar generasjon må kristnast. Vår generasjon er vårt ansvar. Jesus sa at vi er saltet på jorda, vi er verda sitt lys, gå ut og gjer alle folk til læresveinar, eg er med dykk alle dagar.
Når alt kjem til alt så trur eg det beste vi kan gjere er å vere det vi er kalt til å vere; kristen 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Den innerste kjerna i dette kallet er vel Jesu ord: «Det du har gjort mot ein av mine minste, det har du gjort imot meg.» Mi erfaring er at i same grad som eg tør å ta Gud på ordet, får eg oppleve at han står for det han har lovt. Når eg som totalt ukjend, nesten totalt uten papir på å kunne noko som helst og totalt uerfaren innan media, vart kasta ut i eit slikt mediakjør som det Nok er nok-aksjonen var, ja, då skal eg love deg at det var ikkje på grunn av meg, men på tross av meg. Men der var uendeleg mange gode Bibelvers å sette sin lit til, og dei holdt!

Salomo seier i Ordspråka 29,25: «Den som reddast menneske, set feller for seg sjølv, men den som lit på Herren, er trygg.»


Avslutningsvis vil eg gjerne takke alle som i forbindelse med Nok er nok-aksjonen støtta meg med forbøn, Bibelvers, oppmuntrande helsingar, blomster, porto, penger eller andre gåver. Det vart ei festreis som eg må lese om for å verkeleg tru at det hendte!

Med ynskje om ei fredfull og velsigna julehøgtid til dykk alle,

Linda Austnes