Barnearbeidare i Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
05/12-2009

På kyrkjelydsmøte 5. november vart det vedtatt å ansette Siv Anne K. Sævik og Thea F. Kopperstad i kvar si 10% stilling i samband med pastor Erhard Hermansen sin pappapermisjon. Siv Anne skal først og fremst jobbe med familiegudstenestene, mens Thea vil ha eit ansvar for å utvikle søndagsskulen.


Mens Thea ikkje startar før i januar, starta Siv Anne opp tidleg i november. For den som ikkje kjenner Siv Anne så godt har vi stilt henne nokre spørsmål;

Kor lenge har du vore medlem av Herøy Frikyrkje?

- Eg har vore medlem i Herøy Frikyrkje sida juni 1994 - meldte meg inn då vi bar Tomine til dåpen. Vi ville at heile familia vår skulle høyre til i same kyrkje.

I løpet av den tida, kva har du vore engasjert i?

- Litt vanskeleg å huske heilt kva eg har vore engasjert i, men eg overtok barnekoret Tadeus som eg var leiar for ei stund, søndagsskulen har eg "jobba i" i fleire perioder og så hadde eg speleteneste i gudstenestene i nokre år. No har eg hatt Baluba i ganske mange år.

Kva er det beste ved Herøy Frikyrkje??

Mange kjekke folk - (og ein dyktig pastor som kom tilbake!), at det er ei friare gudstenesteform, med rom for ulike uttrykksformer, at der er ulike aktivitetar for borna slik at dei kan trivast i kyrkja og forhåpentlegvis finne sin åndelege heim der.

Du begynner som barnearbeidar med ansvar for familiegudstenesten. Kva tankar gjer du deg om det?

- Eg er opptatt av at familiegudstenestene må vere ein arena der budskapet står klart og at "innpakninga" må vere innbydande og kreativ, noko vi med frimodigheit kan invitere folk utanfrå til. Song, drama og musikk er viktige ingrediensar.

- Eg brenn for at borna må få finne sin plass i dei "vanlege" gudstenestene også, og vere delaktige, men i familiegudstenestene skal dei iallefall brukast, gjerne ilag med vaksne. Derfor må eg kartlegge og innhente litt informasjon om kva borna liker å gjere og kunne tenke seg å bidra med på familiegudstenestene og andre gudstenester.

Siv Anne avslutter med å sei at ho ikkje har ikkje tenkt å "lage" alle familiegudstenestene sjølv.

- Eg kjem til å engasjere og delegere og håper mange vil gjer ein innsats ilag med meg!