Pastor på klimatokt

Av: Administrator
05/12-2009

12. desember reiser frikyrkjepastor Erhard Hermansen som ein av 17 personar frå Møre og Romsdal med ein delegasjon på 1.200 frå Norge på klimaseglas til FN sitt klimatoppmøte i København. (Tekst/foto: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


12. desember reiser frikyrkjepastor Erhard Hermansen som ein av 17 personar frå Møre og Romsdal med ein delegasjon på 1.200 frå Norge på klimaseglas til FN sitt klimatoppmøte i København. (foto: Stein Lilleøy)

Det er Kirkens Nødhjelp og Framtiden i våre hender som står bak klimaseglasen 12.-14. desember. Gjennom sine nettverk i kirke-Norge og miljørørsla har dei fylt opp danskebåten med 1.200 personar som vil oververe klimaforhandlingane i København. Mellom dei er pastoren frå Herøy og biskop Ingeborg Midttømme.
- Klimaseglasen vert truleg den viktigaste norske mobiliseringa under klimatoppmøtet, med deltakarar frå alle samfunnslag. Det heile vert sparka i gang med ei samling i Operaen i Oslo, og på turen fram og tilbake vert det høve til å delta på ei rekkje spennande og lærerike seminar. I København skal mellom anna underskriftslistene frå den internasjonale «Climate Justice»-kampanjen overleverast til politikarane på møtet, og det er Desmond Tutu som står for sjølve overleveringa, seier Erhard Hermansen til Vestlandsnytt.

Miljø og rettferd
«Climate Justice» krev ein rettferdig avtale som stansar global oppvarming, sikrer dei fattige sin rett til utvikling og forpliktar den rike del av verda til å ta sin del av kostnadene. Målsettinga for kampanjen er å sjå til at det vert teke initiativ til løysingar som effektivt kan stanse den globale oppvarminga.
- Utan at eg har heilt oversikta håper eg at kampanjen også har fått stor respons her heime hos oss, seier Hermansen, og oppmoder alle om å gå inn på heimesida til Kirkens Nødhjelp og skrive under på kampanjen.

- Vi gjer ikkje så god jobb
Årsaka til at frikyrkja engasjerer seg i klimaspørsmål kan sporast tilbake til eit vedtak om at kyrkja skal gripe fatt i dei miljømessige utfordringane som verda står føre i åra som kjem.
- Det er ein tankegang som er i tråd med det som står i Bibelen om at Gud har gjeve menneska ansvar for å forvalte skaparverket. Akkurat no gjer vi ikkje så veldig god jobb. Det er vel dei fleste samde om. Dei fleste klimaforskarane er samde om at den globale oppvarminga må bremsast. Viss ikkje risikerer vi å starte prosessar i naturen som ikkje kan stansast av oss menneske. Difor er det så viktig å få på plass ein klimaavtale som hjelper oss å nå desse måla, seier Hermansen. Pastoren fortel at han gler seg til turen, men at han er mest spent på å sjå kva som kjem ut av klimatoppmøtet, og i kor stor grad verda greier å samle seg kring løysingar som kan berge klimaet vårt.

Skal følgjast opp vidare
Engasjementet til Erhard Hermansen er meint å nå mykje lenger enn klimaseglasen 12. - 14. desember.
- Klima og miljø er viktige tema som eg har forplikta meg til å følgje opp også i ettertid, også gjennom mitt daglege virke i menigheita. Det er vel under gudstenestene eg når flest folk, og det kan verte ein naturleg arena for å nå ut med den viktige bodskapen, slik at folk tek det til seg og tenkjer over det i kvardagen sin. Å endre haldningar og inspirere til handling er den viktigaste jobben som må gjerast om vi skal lukkast, seier pastor Erhard Hermansen.