Frikyrkja opnar bruktbutikk

Av: Administrator
18/10-2009

Eldsjeler i Herøy Frikyrkje har funne ut at det å opne ein bruktbutikk i Fosnavåg kan gi eit lite tilskot til økonomien i menigheita. Samstundes er det bra for miljøet at ting vert gjenbrukte i staden for å hamne på søppelfyllinga, slår dei fast. (Av: Stein Lilleøy, Vestlandsnytt)


Pastor Erhard Hermansen fortel at han før sommaren fekk spørsmål om det ikkje hadde vore ein lur idé å satse på bruktbutikk i Fosnavåg.
- Forslaget vart teke opp i menigheita. Sidan det let seg gjere både å setje ned ei styringsgruppe og å samle frivillige som ynskjer å gjere ein innsats, fall forslaget i god jord, seier han.

Lokale sentralt i Fosnavåg
Styringsgruppa av seks kreative og engasjerte kvinner frå Frikyrkja sine eigne rekkjer, er allereie komne langt på veg med å realisere planane.
- Vi har fått leige dei gamle lokala til Glasmagasinet og der tek vi sikte på å vere i gang i løpet av november. I samband med det oppmoder vi folk som har brukande klede og andre ting dei ikkje har bruk for lenger om å ta kontakt, slik at vi kan avtale levering, seier Camilla Storøy Hermansen, ei av dei driftige damene i styringsgruppa.

Tek imot det meste
Med utgangspunkt i at ting som vert innlevert skal vere heile og reine set ikkje styringsgruppa særlege grenser elles for kva slags gjenstandar som kan vere interessante.
- Både klede, sko, sportsutstyr, møblar og andre ting og tang er slikt vi gjerne vil ha. I butikken vil det også verte etablert ein eigen krok for lesestoff, og her håper vi å ha eit rikt utval av brukte blad og bøker, seier Storøy Hermansen.

Bra for folk og miljøet
Damene meiner einkvar by med respekt for seg sjølv bør ha ein skikkeleg bruktbutikk.
- Vi trur det er mange som vil setje pris på å kunne kjøpe ting til hus og heim for ein rimeleg penge. Samstundes er bruktkonseptet bra for miljøet, ved at ting vert gjenbrukt i staden for å hamna på søppelfyllinga, seier Elisabeth Storøy, ei av dei andre damene i styringsgruppa.

Avgrensa opningstider
Bruktbutikken vert bemanna på frivillig basis. Det inneber at ein i starten, i alle fall, kjem til å ha noko avgrensa opningstider.
- Så får vi sjå korleis det utviklar seg, seier damene som håper på positiv respons når butikken kjem i gang.

Dei som har ting dei ynskjer å levere kan sende ein mail til bruktbutikken@frikyrkja.net eller ringe frikyrkjekontoret.