"Verdas beste novelle" - Nytt nummer av månadsmagasinet.

Av: Administrator
10/09-2009

Les det nye nummeret av månedsmagasinet med mellom anna hovedpastor Erhard Hermansen sin artikkel "Verdas beste novelle", nytt frå diakonrådet, invitasjon til menighetskonferanse, glimt frå kyrkjelydsweekenden, Visjon og Sommarope i Frikyrkja.


Les månedsmagasinet

Denne sommaren fekk eg tale tre søndagar over likninga i Lukas 15 om "Den bortkomne sonen". Denne likninga er blitt kalla "verdas beste novelle". Eg hadde lest Henry Nouwen si bok "Den bortkomne sønn vender hjem" og hans møte med Rembrandt sitt maleri frå 1668 med same tittel.

Første kvelden var spørsmålet; kvar er heim? Og vi fann ut at heim ikkje er ein stad langt der ute, eller langt der oppe. Heim er i djupeste forstand her inne i hjartet, og her inne har Gud bestemt seg for å bu. Å vere heime handlar om å få motta Guds betingelseslause kjærleik og få erfare ei tilhørigheit som ikkje er tufta på prestasjonar. Å kome heim er å gå skritt for skritt mot han som ventar på meg med opne armar og som ønsker å omfavne meg i all æve.

Sjølv om fortellinga har fått namnet "Den bortkomne sonen" er det faren som er hovudperson i fortellinga. Faren som eit bilete på Gud, viser oss ein Far som er raus og kjærleg, ventande og søkande.

Les månedsmagasinet