Storfamiliegudsteneste på Allmenningen

Av: Jørgen Kopperstad
24/06-2009

Nytt av året på sommarfestivalen, var at kyrkjene vart bedne om å vere med som ein del av festivalen. Dei tok utfordringa, og resultatet vart ei storslått festgudsteneste. Saman med jentegruppa Seven vart det ei gudsteneste utanom det vanlege. (Av: Jørgen Kopperstad, Herøynytt)


(Foto: Jørgen Kopperstad)

Allmenningskaia vart pynta til fest, med ballonger og blomster, og sokneprest Knut Magne Dalsbø las dagens preiketekst som handla om nettopp det, å verte invitert til fest-i Guds rike!

Gjennom gudstenesta vart det mykje song, og eit husorkester var sett saman for å støtte allsongen. Mesteparten av tida, fekk jentene i Seven synge sitt bodskap, om lykke, foreskelse og sitt store idol-Jesus. Dei borna som hadde vore med på gospelseminaret laurdag fekk også synge ilag med Seven-jentene.


(Foto: Jørgen Kopperstad)

Svært mange møtte opp og var med i gudstenesta, noko som gleder arrangørane. -Når folk kjem med så god respons på det ein lagar til, kan ein gjerne gjere det igjen ved seinare høve, seier ein representant for frikyrkja.

Erhard Hermansen inviterte alle på kyrkjekaffi i festivalteltet. Det vart ei fin stund med mykje prat og god mat.