Har noko godt å tilby!

Av: Hege Norman
18/06-2009

Det meiner pastor Erhard Hermansen frå Frikyrkja og sokneprest Knut Magne Dalsbø i den Norske Kyrkje. Saman held dei gudsteneste på Allmenningen søndag formiddag. (Av: Hege Norman, Vestlandsnytt)


Sokneprest Knut Magne Dalsbø og Pastor Erhard Hermansen.

- Vi fekk ei positiv utfordring frå arrangørane som syntest det var naturleg at gudstenesta hadde ein plass der, seier Erhard.

Han og sokneprest Knut Magne Dalsbø meiner tiltaket vil gjere gudstenesta lettare tilgjengeleg for folk, med ein lav terskel for å delta. Dei framhever også at det er ein fin anledning til å samarbeide på tvers av kyrkjelydene.

- Vi samarbeider om fleire ting frå før, særleg innan ungdomsarbeid. Og sjølv om kyrkjene har samarbeid om gudstenester frå før vil ei storfamiliegudsteneste på Allmenningskaia vere noko heilt nytt, seier Erhard.

Beste frå to tradisjonar

Prestane går gjerne i kvarandre sin kyrkje. Å få bodskapen frå ein annan vinkel meiner dei kan vere sunt.

- Ofte kan det vere godt å kome ein annan plass om du er open for å lytte, seier Knut Magne, og legg til:

- Det kan samanliknast med å besøke gudstenester i andre land; det skjerpar appetitten og kan gi ny styrke til trua. Ikkje minst kan det vere godt å leggje av seg prestekappa og berre kome som seg sjølv, utan å vere den som formidlar.

Erhard tilhøyrer frikyrkja som er ein mellomstor kyrkje med 400-450 medlemar. Knut Magne er sokneprest i statskyrkja. Forskjellen er eigentleg ikkje så stor, meiner dei.

Søndag plukkar dei ut det beste frå tradisjonane og er overtydde om at folk kan gle seg til ei stor hending.

-Noko utruleg godt å tilby

Sjølv om Erhard har sykla frå Frøystad til jobb i dag, greier han mest ikkje sitje stille. Han må opp og stå, lyser av engasjement og legg ikkje skjul på at han gler seg til hendinga på søndag.

- Det blir så bra! Seier han på klingande Arendal-dialekt, med same entusiasme som trekkjer folk til frikyrkja i Herøy.

- Teksta for dagen handlar om å gå ut i gatene for å invitere folk til fest, seier Erhard, og fortel om paradokset i bibelteksta der det vert laga til ein stor fest, men der folk ikkje kjem. Då kjem dei på invitere folk dei til vanleg ikkje tenkjer på å be.

Opent for alle!

Erhard og Knut Magne trur at nettopp gudsteneste på kaia i Fosnavåg vil gje ein lågare terskel for folk som til vanleg ikkje går i kyrkja.

Jentegruppa Seven som speler på gudstenesta søndag seier at dei ønsker å fortelle om ein Gud som seier ja til alt som er bra.

- Det synest vi er eit godt utgangspunkt. Gudstenesta kan vere med på å gje noko til folk som lurer litt, smiler Knut Magne, som er utdanna teolog og nytilsett i stillinga som sokneprest.

Begge prestane er overtydde om at å gjere noko anna, og å halde gudstenesta utandørs gir variasjon og skapar samhold.

- På søndag ønskjer vi å leggje opp til både ein gudsteneste der vi kan møte Gud, men også ha ein sosial møteplass, avsluttar dei vitale prestane.