Sveinung Hølmebakk frå Nordic Tenors til Herøy Frikyrkje

Av: Administrator
17/09-2017

Sveinung Hølmebakk kjem til Fosnavåg og har konsert i Herøy Frikyrkje, laurdag den 30. september kl. 20.00. Her vil han synge songar frå sin nyaste CD som kjem i oktober. Dette er hans åttande soloalbum. Tidlegare har han stort sett gjort songar av andre, men på dei siste innspelingane har han tatt med fleire og fleire av sine eigne songar, og på denne bærer alle songane Sveinungs signatur.


Sveinung Hølmebakk

Sveinung Hølmebakk begynte å skrive songar først som 35-åring. 
- Eg angrar på mykje her i livet, men noko av det eg angrar aller mest på, er at eg venta så lenge med å byrje å skrive. Men då eg først byrja hadde det samla seg opp så mykje å skrive om at det ble ganske mange songar etterkvart, fortel Sveinung Hølmebakk. 
 
Han skriv alle typar songar, sjølv som dei fleste nok forbind han med kristne tekstar.  
 
- På konsertane mine syng eg alt frå viser til songar frå det typiske tenorrepertoaret. Og så elskar eg å få folk til å le. Derfor tar eg alltid med ein del morosame historier mellom songane, fortell den allsidige artisten. 
 
Fleire av disse historiene har han samla i dei to vitsebøkene han har gitt ut. Den siste kom nå i 2017. 
 
Sveinung Hølmebakk bor i Kristiansand, men er født på Karmøy i 1977. Han har mastergrad i utøvande song frå Grieg akademiet i Bergen og har studert musikkvitskap ved NTNU Trondheim og Universitetet i Oslo. Han har deltatt i ein rekke TV-program, deriblant Beat for Beat, Ti på Topp, Kvelden før kvelden, Sommeråpent og Førkveld. Saman med Nordic Tenors vann han Komiprisen for Beste Nykommer i 2006 og var musikalsk toastmaster i HM Kong Haralds 70-årsdag.

Vi gler oss til å få høyre og sjå Sveinung her i Fosnavåg, og håper du òg tek turen. Det vil verte ei pause i konserten med muligheit for å få seg litt kaffi og kaker, og slå av ein prat.

Billett kr. 250,- ved entré