Ekteskapsweekend - slik blir eit godt ekteskap enda litt betre!
SØKER EKTEPAR!
SETT AV HELGEN 26.-28. JANUAR

Av: Administrator
28/11-2017

Kven er denne weekenden for?

Vi har heilt bevisst kalla denne weekenden for «slik blir eit godt ekteskap enda litt betre», nettopp for å lage ei helg for vanlege ektepar som har det sånn tålig greitt. Tidlegare har det kome par som både er relativt nygifte, og par som har vore gift i over 40 år. Eg vil si at det passar for alle – alle har godt av å sette av ei helg til service på ekteskapet.
Av: Hilde Sofie Blindheim Østrem


Kva kan ein som deltakar forvente av ein slik weekend?

Denne helga vil gje nyttig undervisning og god tid til samtale. Det blir tid til par-oppgåver, men ingen gruppeoppgåver eller andre felles diskusjonar. Tanken er at ein skal vere litt egoistisk og berre pleie parforholdet. Vi har fått gode tilbakemeldingar på dei kursa og seminara vi har hatt dei siste åra, og vi håper og trur at mange vil bli med når vi kjem til Sunnmøre.

Kurset består av 12 undervisningstimar. Dette er ijkke eit typisk kristent ekteskapskurs basert på mange bibelvers, men er noko alle og ein Kvar kan få med seg. Ja, det byggjar på kristne verdiar og haldningar, men ekteskap og tru blir behandla i ein av undervisningstimane, og denne timen er frivillig.

Kvifor treng ektepar ein slik weekend?

De aller fleste ektepar har godt av ein helg der ein på ein enkel og naturleg måte kan investere i det kjæraste ein har. Dei fleste av oss lever hektiske liv og kvardagane flyr av sted. Difor er det både lurt og viktig å stoppe opp litt og gje nokre vitaminar inn i ekteskapet. Ei slik helg med ektefellen, vil vere med på å knytte nærmare band samen som par. Barna våre har vi på «lån», men ekteskapet er ment å vare livet ut.

Sjølve undervisninga startar kl. 18:00 på fredagskvelden, og avsluttast laurdag kveld kl. 21, men inkludert i prisen får man også ein lang og god frukost på søndag formiddag. Inkludert er også inngang til Sunnmørsbadet!

Arrangør: ImF-UNG Sunnmøre
PÅMELDINGSFRIST: 20. Desember 2017
For påmelding og meir info, kontakt: u.misjon@imf.no (sjå også info på plakat)