Herøy Frikyrkje startar opp nytt Alpha-kurs!

Av: Administrator
04/12-2014

Du kan bli med å utforske dei livsviktige spørsmåla når Herøy Frikyrkje 21. januar startar opp nytt Alpha kurs. Rundt 250 har gått på Alpha-kurs i Herøy Frikyrkje tidlegare og no gler vi oss til å starte opp eit nytt kurs.


Mange stiller spørsmål - kanskje du er ein av dei. Livet stiller oss overfor mange vanskelege spørsmål. Om meininga med det heile, om døden, om Gud - og kven er nå eigentleg denne Jesus? Mange vel å leve med sine spørsmål, men for andre kjem ei tid då man treng svar som er til å stole på. ALPHA-kurset er laga for å gje deg svar på dine spørsmål.

På Alpha har du høve til å utforske den kristne tru i eit ope og avslappande miljø. Kurset består av 10 ukentlege og tankevekkande samlingar.

Midtvegs i kurset reiser vi også på weekend med god tid til fellesskap og undervisning. Mange opplever weekenden som eit høgdepunkt i Alpha-kurset.

Alpha har låg terskel, det er vennleg og det er moro! I tillegg er Alpha noko som dei aller fleste kyrkesamfunn i Norge støtter opp om. Meir enn 10 millionar mennesker over heile verda har funnet ut at det er vel verd å delta på Alpha, det vere seg i kyrkjer, bedehus, i ein heim, på studiestedet eller i eit fengsel.

Nå kan du bli med på å utforske dei livsviktige spørsmåla.

Alpha er for alle som er interessert! Alle er velkomen på Alpha, og det er mange forskjellige grunnar til at mennesker deltek. Alt frå nokre som vil prøve å finne ut om Gud finnes til at nokon rett og slett søker eit nytt miljø og nye vener. Kurset passer for deg som er nysgjerrig på den kristne tru, for deg som er ny i trua og for deg som vil få ei oppfrisking av den kristne trua.


Praktisk informasjon:

Kursstart:
Oppstart 21. januar kl.19.30
(Samling 10 onsdager pluss en weekend)

Pris:
kr. 800 (inkl. weekend m/fullpensjon)

Påmelding:
post@frikyrkja.net eller 70087800