FORELDREKURS I HERØY FRIKYRKJE!

Av: Administrator
24/08-2014

Heldige oss, som har fått verdens beste gave. Tenk å bli foreldre til eit lite nurk. Ein ettåring som tek nye steg. Ein sjarmerande 3 åring med mykje vilje. -Vi har hoppa på karusellen og kan ikkje velje å gå av.


Tida flyg avgarde. Som foreldre treff vi stadig på nye utfordringar, og av og til kunne vi kanskje ynskje at vi fikk starte på nytt. Nokre som har vore der før kan seie kloke ord som ”Det er berre ei fase.” Eller vi kan til tider høyre oss sjølve sei ”Ja, ja, vi får velge våre kampsaker”

MEN
-kva for kampsaker veljer vi ?
-Kva er det beste og viktigaste vi kan gi borna våre her på jord?
-Korleis kan vi best legge opp/om kvardagen vår for at den skal ha det fokuset som vi ynskjer.
-Kva tenkjer andre foreldre om dette?
-Kvifor er det så få kristne heimar som sett av tid til å dele tru og liv i kvardagen?

Vi er alle i same båt, det kan vere fristande å berre pusse på fasaden. Eg opplever at vi er fleire som har behov for ein arena der vi kan ta opp slike ting som ligg på vårt mamma- og pappahjerte. Eg trur at slike felleskap er viktige, og at vi kan hjelpe og støtte kvarandre gjennom ulike utfordringar og faser av denne STORE oppgava som vi har fått: Å VERE (KRISTNE) FORELDRE

Bibelleseringen har utvikla eit opplegg som heiter: Foreldreskolen - 5 kvelder om å vokse sammen. Ut i frå boka med same navn.

Dette kurset ynskjer Herøy Frikyrkje å satse på frå hausten. Det er sett opp 5 kveldar! Det er tenkt som ei tredeling med undervisning, gruppesamtalar og oppsumering. Dette vil ha ekstra stor verdi dersom begge foreldra har høve til å delta.

Samlingane har desse temane:
1.Tru på heimebane - Kva, kordan og korleis?
2.Det er kvardagar det er flest av
3.Guds rike høyrer borna til – Borns åndelege utvikling
4.– Ja, du kan greie det! Frimod og utrustning
5.Eg og dei andre - Å skape samspel og gode arenaer

Eg utfordrar herved besteforeldre, naboar og andre til å melde seg som barnevakt for dei som treng det. Set av datoane no før almanakken vert full. Dette er ei viktig prioritering !

Onsdag: 24. Sept, 22. Okt, 5. Nov, 19. Nov, og jan

Eg håper å sjå monge!

Med helsing og påmelding til:
Thea. F. Kopperstad tk@fribu.no
Nettverksledar i Fribu og Barnearbeidar i Herøy Frikyrkje