Til Tanzania med Kirkens Nødhjelp

Av: Administrator
12/09-2017

Søndag reiser pastor Erhard Hermansen i Herøy Frikyrkje og kyrkjeydspedagog Karl Anders Brendmo i Herøy kyrkje med Kirkens Nødhjelp til Tanzania for å sjå kva Fasteaksjonen kan gjere for landet. I bagasjen har dei mellom anna strikkekuvøsar frå gode hjelparar i Herøy.

Av Josefine Spiro, Vestlandsnytt


Kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo i Herøy kyrkje og pastor Erhard Hermansen i Frikyrkja har med seg både utstyr til ein skule dei skal vere med å opne og strikka «kuvøsar» til sjukehuset dei skal besøke i Tanzania. Dei tek gjerne imot fleire bidrag frå folk i lokalsamfunnet.

– Kirkens Nødhjelp annonserte at menigheiter kunne søkje om å vere med i ein delegasjon til Tanzania med tanke på å skape eit lyft for Fasteaksjonen 2018. Erhard og eg sette oss ned og skreiv ein søknad, fortel Karl Anders Brendmo.

Dei fekk napp. Frå Møre og Romsdal er det kun dei to og to representantar frå Spjelkavik menigheit som får reise.

– Det kjem også ei gruppe frå Nord- norge, ei frå Førde og ei frå Os. Delegasjonen består av totalt 15 personar, derav kjem 12 frå kyrkjene, medan tre er tilsette i Kirkens Nødhjelp, forklarer Hermansen.


29. august møttest Eldsterådet i Frikyrkja og sokneråda i Den norske Kyrkje for å snakke om Tanzania-turen og plan for auka mobilisering rundt fasteaskjonen. (foto: privat)

Kvifor Tanzania?

– Dei siste åra har Fasteaksjonen hatt fokus på reint vatn til alle menneske. Tanzania er spesielt utsett, seier Hermansen,

Difor var også Tanzania i fokus under TV-aksjonen for tre år sidan. Då viste Kirkens Nødhjelp ein kampanjefilm om Agnes, som måtte gå i timesvis kvar dag for å skaffe reint vatn til familien og landsbygda. Den 11 år gamle jenta med den tunga vassbøtta på hovudet vart symbolet på alle dei nær 70 millionar menneska som manglar tilgang på reint vatn.

– Landsbygda til Agnes var den første som fekk reint vatn etter TV-aksjonen. Den skal vi besøke for å sjå - og seinare formidle til andre - kva ein kan oppnå ved å støtte Kirkens Nødhjelp, seier Hermansen.

Besøket i landsbygda er berre ein knøttliten del av programmet Erhard og Karl Anders skal gjennom i Tanzania. I løpet av ti dagar skal dei mellom anna vere med å opne ein skule, snakke med antikorrupsjonsgrupper, prestar, Kirkens Nødhjelp sine partnarar i Tanzania, og ikkje minst sjå kva resultat pengane frå TV-aksjonen har ført til rundt om kring.

– Vi skal også vere med på ein kulturfestival, bade og fare på ein liten safari, men elles vert det beinhardt program frå morgon til kveld. Heile poenget med reisa er at vi skal sjå og erfare korleis situasjonen er i Tanzania slik at vi, når vi kjem heim, kan dele alle inntrykka, og seie: Det vi gjer nytter. Pengane kjem fram, og vi kan bidra enda meir, seier dei to.

«Strikkekuvøsar» og «skuleleiker»

Då det viste seg at ein av postane på programmet er vitjing av HAYDOM L. Hospital (eigd av den Tanzanianske lutherske kyrkja), ringde det ei bjelle hos ein av deltakarane i delegasjonen.

– Ho visste at der er ein stor neonatalavdeling med sterkt behov for strikka «babykuvøsar», så ho la ut ein strikkeoppskrift på Facebook og oppmoda folk om å bidra. Eg kan ikkje strikke, men eg «tok» oppskrifta, delte den sjølv. Eg publiserte innlegget i august, og no kjem det inn masse bidrag! På onsdag kom det til dømes ei dame innom med ein heil pose full av strikkekuvøsar, utbryt pastoren entusiastisk.

Delegasjonen skal også vere med på å opne ein heilt ny skule med eiga barnehageavdeling. Også her kan herøyværingane vere med å bidra.

– Skulen er på jakt etter pedagogiske leiketøy, fotballar og andre aktivitets- ting. Vi skal prøve å få samla saman litt før vi dreg. Folk kan vere med å hjelpe, enten dei vil strikke eller donere teikne- og malesaker, seier Hermansen.

Må også hjelpe politisk

Diverre kan ein ikkje kjempe mot fattigdom kun ved hjelp av nødhjelp som pengar og naudsynte gjenstandar.

– Skal ein få bukt med problemet må ein handle politisk fordi landet må endrast, seier Erhard, og forklarer:

– Tanzania kunne i utgangspunktet ha vore sjølvforsynte, for dei har veldig mykje rikdom, som edelsteinar, mineraler, gruver, turisme, offshore og gass. Problemet er at det meste av desse ressursane - om lag 1,7 milliardar dollar i året - vert førte rett ut av landet på grunn av korrupsjon, skatteunndraging og dårleg styresett. Difor har Kirkens Nødhjelp utfordra landsbyar og kyrkjer i landet til å starte eigne antikorrupsjonsgrupper på grasrotnivå, som jobbar for å avdekkje og bekjempe korrupsjon, kapitalflukt og skattesnusk. No finst der om lag 500 slike grupper med lokale korrupsjonsjegarar i Tanzania. Dei sit og følgjer med på kva som skjer i samfunnet, finleser på budsjett og rekneskap, og påpeikar når det som står i budsjettet for landsbyen ikkje kjem fram, seier han. Er det til dømes budsjettert med armeringsjern til eit bygg så skal armeringsjernet vere på plass.

– Kirkens Nødhjelp samarbeidar med lokale partnarar om å kurse folk som bur der i offentlege prosessar, budsjett og økonomisk utvikling, slik at dei kan halde myndigheitene ansvarlege, seier Brendmo.

Spente

Turen til Tanzania er slett ingen ferie, og Karl Anders og Erhard er spente på kva dei vil oppleve i eit av verdas fattigaste land.

– Desse ti dagane vert spekka med inntrykk av alle variantar. Det kjem til å sitje godt i, seier Brendmo.

Vi gler oss til å høyre alt om reisa når dei kjem heim igjen.