FriBU – Barne- og ungdomsarbeid - Konfirmantarbeid

Lyst å konfirmere deg i Herøy Frikyrkje?
Klart du kan!

Vi ynskjer å bli kjend med deg.
Vi vil dele oppturar, nedturar og mange fine augeblikk ilag det komande året.
Målet for konfirmanttida er at du som konfirmant skal bli betre kjend med deg sjølv, med dei andre konfirmantane, med kyrkja og med Jesus.

Informasjon om konfirmantåret:
Vi har lyst å vise fram årets konfirmantar og dette gjer vi på presentasjonsgudstenesta som skal vere 2. september i Herøy Frikyrkje. Denne dagen får du utdelt konfirmantboka vi skal bruke, og vi startar offisielt konfirmantåret.

Vi legg til rette for to turar i løpet av året. Kvar vi skal reise er ikkje heilt på plass. Vi legg opp til ein tur til nærområdet, og ein tur litt lenger vekk. Meir informasjon rundt dette og datoar kjem så raskt det er på plass.

Kvart år er konfirmantane med på den årlege fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Då går ungdommane med bøsse ilag med ein vaksen. Dette samarbeider vi med Herøy kyrkje om.

Vi legg opp til konfirmantsamling annakvar veke. Samlingane vil variere frå å vere fellessamlingar til mindre grupper. Konfirmantforeldra deler på å ha ansvar for matservering på samlingane.

Det vil vere to gudstenester konfirmantane har ansvar for i løpet av året og vi ønsker at konfirmantane møter på minst fire andre gudstenester.
Konfirmasjonshelga vil vere siste helga i april: Laurdag 27. og søndag 28. april 2019.

Pris for konfirmantåret er 2000 kr.
Vi ynskjer å legge til rette for at alle kan vere med! Dersom kostnaden er ei utfordring, ta kontakt.

Nokon trur ein er nøydd å vere medlem for å vere konfirmant hjå oss.
Det treng du ikkje.
Du er velkomen til å vere konfirmant hjå oss uansett.

Har du spørsmål eller noko du lurer på?
Du er velkomen til å ta kontakt med
ungdomsarbeidar Linn Therese Sævik: 97983305 eller pastor Erhard Hermansen: 90061511