FriBU – Barne- og ungdomsarbeid - Herøy Gospelkor

Koret er dessverre midlertidig nedlagt


Herøy Gospelkor vart starta hausten 2008 av Vegard og Synnøve Voldsund, og har vore eit aktivt kor sidan. Hausten 2009, gav gospelkoret ut sin første CD med releasekonsert i Herøy Frikyrkje. Dette etter eit innhaldsrikt år med innøving av songar, innkjøp av lydutstyr, CD-innspeling og ein liten turne med fleire konsertar. Sidan har Herøy Gospelkor delteke på ungdomsmøter til dømes på Valderøy og på Emblem, og andre arrangement i Fosnavåg og i nabokommunar, i tillegg til å regelmessig delta på gudstenester i Herøy Frikyrkje.


Våren 2012 spelte koret inn sin andre CD, som vart sluppe i slutten av november same år, vel tre år etter den første plata. Dette var ei juleplate, som koret var veldig glade og stolte over å få gi ut. I midten av desember hadde koret sitt årlege høgdepunkt: julebordet, som etter kvart har vorte ein tradisjon. Eit absolutt høgdepunkt for koret dette året var å få vere oppvarmingskor på julekonserten til Oslo Gospel Choir i Herøyhallen same helg!


Herøy gospelkor øver annankvar veke i Herøy Frikyrkje. Du finn datoene under program. Herøy Gospelkor har også ei side på Facebook med oppdateringar om arrangement og anna aktuelt! Koret er ikkje berre eit ungdomskor, men eit kor for alle frå 8. klasse og oppover som er glade i å synge, både roligare balladar og meir fartsfylte gospelsongar! Vi har plass til mange fleire, og dersom du kan tenke deg å prøve er du hjertelig velkomen!